Hopp over seksjon - Til hovedinnhold - Topp

Til toppen av siden

Nyheter » 2008 » April » Kva er det med Krigen?

2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | Januar - Februar - Mars - April - Mai - Juni - Juli - August - September - Oktober - November - Desember

Kva er det med Krigen?

09.04.2008

Over grensen - myten om Jan Baalsruds flukt har så langt vært en publikumssuksess. En åpenbar årsak er nok at stykket tar for seg en faktisk hendelse fra 2. verdenskrig. Men hva er det som fascinerer med denne krigen, 63 år etter at den er over. I forbindelse med programarbeidet til "Over grensen" ba Ferske Scener professor i historie ved Universitetet i Tromsø, Hallvard Tjelmeland, å gi noen svar på hva det er som gjør at vi aldri ser ut til å bli ferdig med krigen.



Krigen fascinerer: Fra forestillinga "Over grensen - myten om Jan Baalsruds flukt." Foto: Yngve Olsen Sæbbe

Av Hallvard Tjelmeland
,
professor i historie ved Universitetet i Tromsø

Når det er Krigen det er snakk om, krigen med stor K, veit alle kva det dreier set om. Det er ikkje den andre verdskrigen i seg sjølv, men okkupasjonstida i norsk historie det då er tale om. Desse fem åra var ei dramatisk generasjonserfaring, men det er ikkje slik at interessa for denne perioden har minka med nye generasjonar, at avstand i tid har skapt distanse. Tvert om, det ser ut til at interessa aukar frå år til år, også i nye generasjonar.
Kva er det då med Krigen, kvifor denne interessa for hendingar meir enn 60 år tilbake i tid?

Store verknader
For det første er det slik at krigstida hadde store verknader, både nasjonalt og internasjonalt. Norsk okkupasjonshistorie er både historia om ei polarisering mellom ein del av folket som støtta okkupasjonsmakta og det store fleirtalet som ikkje gjorde det. Det var ei historie om svik og heroisk motstand. Det er også ei historie om dagleg tilpassing, der livet gjekk vidare – rett nok med oppleving av rasjonering og utrygge tilhøve, men like fullt ei tid då massearbeidsløysa forsvann, då store inntekter gjorde at kommunar, bedrifter og store delar av folket gjekk frå å vera gjeldsslavar til å ha pengar på bok.
Krigstida skaka også verdssamfunnet, med ufattelege menneskelege tap – og med heilt nye internasjonale makttilhøve som la grunnlaget for fleire tiårs kald krig. Okkupasjonserfaringane kom til å stå sentralt i bygginga av nasjonen Norge etter krigen, som ei t referansepunkt både i å sveisa saman eit nytt nasjonalt samhald etter mellomkrigstidas sosiale og politiske konfliktar – og som eit våpen mot opposisjonelle under den kalde krigen. Aldri meir 9. april!

Traumatiserte sider
På den eine sida det nasjonale samhaldet, på den andre sida traumatiserte sider ved krigen: Det omfattande landssvikoppgjeret brennmerka titusenvis av nordmenn – ikkje bare dei som gjekk okkupantmakta til hende, men også familiane deira, med ein slagskygge heilt opp til vår tid. Det var også andre grupper som vart gløymt når det store Vi skulle feira frigjeringa i tiåra etter krigen. Lenge var det stilt om lagnadene til den norske flik av Holocaust, som skulle føra halvparten av jødane i Norge inn i gasskamra. Dei største menneskelege katastrofane på norsk jord, gjaldt dessutan ikkje nordmenn, men tusenvis av krigsfangar – 13 000 av om lag 100 000 tvangsarbeidarar og krigsfangar frå Sovjetunionen døde under umenneskelege tilhøve, og to tredjedelar av alle serbiske fangar, ei utrydding på nivå med dei verste konsentrasjonsleirane på kontinentet.

Vi veit meir
Fram til 1970-talet var det meste av det som vart skrive om norsk okkupasjonshistorie støypt i ”Svik vs. Motstand”-forma. Seinare har biletet blitt meir samansett. Det har vore gjort fleire studiar som viser til den økonomiske transformasjonen som krigen medførte – og også stor tilpassing til okkupantmaktas behov på det økonomiske området. Det har kome fram mykje materiale krigens kvardagshistorie. Vi veit langt meir om ”den andre sida”, dei som vart omfatta av landssvikoppgjeret. Og ikkje minst: Dei siste 20 åra har det kome fram viktig informasjon om jødane og krigsfangane sin lagnad. Med ny informasjon har biletet blitt breiare, fasettane fleire – det meste låg trass alt mellom det svarte og det kvite.

Vanskelig å nyansere
Kva er det så som har bidratt til endra oppfatningar av okkupasjonstida? Det er klart at samfunnsmessige forhold har spelt inn. Det massive trykket under krigen og det nye fellesskapet gjorde det vanskeleg å nyansera biletet av okkupasjonstida. Den etterfølgjande polariseringa under den kalde krigen forsterka truleg også behovet for å bruka okkupasjonserfaringane som eit nasjonalt samlingspunkt. Med nye ideologiske straumdrag frå slutten av 1960-talet og seinare oppløysing av den kalde krigens strukturar, slo den nasjonale konsensus sprekker. Så er det utviklinga i historiefaget sjølv: den sosial- og kulturhistoriske vendinga på 1970- og 80-talet skapte interesse for spørsmål som ikkje så sterkt var knytt til det nasjonale og det heroiske. Endeleg, og det er her ”Over Grensen” kjem inn: Nytt tilfang av kunnskap om faktiske forhold påverkar også oppfatninga av dei historiske hendingane – og ny kunnskap har ein tendens til å bryta ned myter og gi eit meir mangefasettert bilete av hendingar og haldningar.

Nye fakta
Inneber dette at den store semja vil oppstå bare vi får nye fakta på bordet? Heilt sikkert ikkje, men posisjonane i diskusjonane vil kunna endra seg – og debatten vil gå føre seg på eit meir opplyst nivå. Det vil alltid vera eit element av tolking og utval av kjelder, og vurderingsgrunnlaget kan vera ulikt. Korleis ein vurderer utfallet av ein mislukka sabotasjeaksjon under andre verdskrigen, er også avhengig av korleis ein stiller seg til spørsmålet om kva motstandsarbeid som var mest relevant – haldningskamp mot NS eller aksjonar mot okkupantmakta, der omsynet til å bidra i den store krigen måtte vegast mot omsynet til sivile tap. Krigstida byr på drama som vi må djupt inn i for å forstå dei vegvala dåtidas aktørar valte. Det kan vi alle læra noko om, både på det menneskelege planet og i høve til å forstå krigssituasjonar i vår eiga samtid.
Gnist Design © 2005 | Siteman CMS | KP

Topp