Gå til innhold

Ungdom fra Kulturskolen leser tekster fra «Lik Meg» av Mari Hesjedal

Me møter ei gruppe ungdommar i verda deira. Denne verda er som alle andre verder, seier dei. Det finst folk og det finst reglar: Lik meir. Le meir. Se meir. Del meir.

Lik fotball. Lik smoothie. Lik botox. Lik blonder. Lik lykke. Lik venner. Lik kvite tenner. Lik høge ambisjonar. Lik telefonar. Lik resultat og prestasjonar. Lik meg.

LIK MEG handlar om å finne seg sjølv, (i) kvarandre. Det handlar om å like og bli likt i ei verd som kanskje er grenselaus. Det handlar om kjensler og kyss, og eit virus.

Mari Hesjedal (f.1980) er dramatikar, scenograf og kostymedesignar.
Ho debuterte som dramatikar med stykket «Culparegelen» på Norsk Dramatikkfestival i 2015, og «Bilde av frukt som rotnar» blei vist på festivalen i 2017. Sidan har ho skrive fleire scenetekstar, blant anna «Lik meg» for DUS: Den Unge Scenen og «Frostskade» som hadde premiere som podcast hausten 2018. Dei to siste åra har ho vore husdramatikar ved Dramatikkens Hus, og i 2020 held ho på med å skrive eit nytt stykke for Det Norske Teatret.

Hesjedal har filmutdanning fra International Film School of Wales, og ein Master i Scenografi frå Central Saint Martins College of Art and Design i London. I 2013-14 gjekk ho på Forfatterstudiet i Bø.